Inneklatring i STOKK-veggen


STOKK sin innevegg ligg i ”nyehallen” på Vikahaugane, nær Leirvik. Den er i underkant av 10 meter høg, med ruter av ulik vanskegrad. Nokre ruter har og faste boltar og er dermed ledbare.

Veggen er open for alle som meistrar grunnleggande sikkerhetsrutinar. Les meir om sikkerhet/STOKK-kort her.

Barn skal sikrast av føresette med STOKK-kort.

Det skal alltid vera minst ein klatrevakt til stades under klatring i veggen.

Opningstider, STOKK-klatreveggen


Mandag - 19.00-21.00
Onsdag - 18.00-20.00
Torsdag - 19.00-21.00

Velkommen!