Uteklatring på Stord


På Stord har vi bortimot 80 etablerte ruter som kan klatrast på topptau eller led. Flesteparten av rutene har ein grad mellom 5 og 7-. Ytterpunkta er 3 og 7+ 8-

For dei som er kjende i verda: felta her vart ein gong i tida samanlikna med Buoux. Klatringa er ofte monoton og relativt fingertung. Vanleg å strekke seg langt etter små hull. Til gjengjeld er fotarbeidet ukomplisert pga. super friksjon. Klatringa er ofte vedvarande og dei hardaste rutene er vanskelege å få kvile i.

Klatrefelta våre ligg usjenert til og har sjeldan lengre anmarsj enn 5 minutt.

Kvar og korleis er klatrefelta?


Hovudfelteltet : Utslettefjellet

Køyr gjennom Sagvåg og mot Fitjar. Etter å ha køyrt 2-300 m forbi Sagvåg skule kjem ein til ei stor steinblokk som ligg på høgre sida av vegen. Parker og gå stien opp til feltet.
Høgde på veggar er frå 10 - 35 m. Feltet har 40 - 50 ruter grad 3 -7

Bakfeltet og Svartspeilet

Fortsett nordover når du står framfor hovudfeltet. Svartspeilet kjem til syne etter nokre hundre meter. Bakfeltet finn ein ved å fylgje bekken før svartspeilet, og ta til høgre når ein ser svartspeilet.
Bakfeltet har høgder opp mot 45 m.

Stokken Valley

Køyr vidare mot Fitjar frå hovudfeltet, ca 400 m. Parker på høgre sida av vegen oppe på ei diger grusfylling. Dette er før avkjøring til flyplassen.

Dåfjorden

Køyr vidare mot Fitjar og ta av til venstre mot Dåfjorden. Når ein kjem ned til sjøen, ligg feltet på høgre sida av vegen.

Ved Stovegolvet

Køyr til fjells, heio. Gå opp mot stovegolvet, felta ligg i nærheten av hytta der. Ingen bolta ruter, men gode mulighetar for bruk av kilar. Kan og gå ruter på topptau. Høgder opp mot 50 m.

NB! Det er utarbeida ein klatreførar for Stord (du finn han
her). Der finn du meir inngåande informasjon om rutene.