Tryggleik


Det er ikkje nokon vits i å underkommunisera at klatring kan vere farleg.

Klatring er potensielt farlig, derfor er fokus på sikkerhet viktig.

Taulaget eller sikringskjeda, det vil seie sikringsforbindelsen mellom klatrarane med klatresele, åttetalsknuten, tauet og sikringspunkt i veggen/fjellet, må fungera 100%. Dette krev kunnskap om metodar og utstyr frå begge partar. Begge er avhengige av kvarandre.

Klatraren må kommunisera tydeleg til sikrar slik sikrar veit kva klatrar gjer eller kjem til å gjera. Klatrar må samstundes klatra trygt slik at eit fall kan sikrast med god margin.

Sikrar må fokusera 100% på klatrar sine rørsler, følja med og forutsjå kva som kan skje i ruta (vegen i veggen) som klatrar forsøker å klatra. Slik kan sikrar avverga fall som i verste fall kan gje ulykker.

Fall skjer heile tida i klatring. Fall må skje for at klatrar skal læra seg til å meistra nye ruter. Men sikre fall avhenger av at sikringskjeda fungerar. Sikre fall krev 100% merksemd frå sikrar og god og tydeleg kommunikasjon mellom dei to.
Sikkerhet i STOKK

Dei aller fleste ulykker på innandørs klatreanlegg er knytt til klatrarane sitt sikringsarbeid- og forståing. Som oftast er manglande kameratsjekk, dårlig kommunikasjon mellom sikrar og klatrar eller svakt sikringshåndverk grunnen til ulykker.

For å redusera ulykker og for å forebygga skader har Norges klatreforbund (NKF) innført ei landsdekkande ordning med Bratt kort. For å få kortet skal klatraren demonstrera over tid eller syna gjennom ei prøve at han eller ho har det naudsynte minimum av kunnskap og sikringsdugleik som skal til for å opptre sikkert på innevegg.

STOKK har sidan 2003 innført eit nokså likt opplegg som me kallar STOKK-kort.

STOKK-kort


STOKK-kort-prøva er ein test der klatrarane syner at at dei har grunnleggjande kunnskap og dugleik om klatring innandørs. STOKK-kort-prøva er altså ikkje eit kurs.

Ved å avlegga STOKK-kort-prøva kan røynde klatrarar og klatrarar som har gjennomgått kurs eller som har lært klatring på anna vis, syna at dei har naudsynt kunnskap og dugleik til å få STOKK-kort.

Prøva vert lagt opp som ei klatreøkt, der klatraren tek på utstyr utan hjelp, demonstrarar kameratsjekk, sikrar ein annan klatrar under klatring på topptau med påfølgjande nedfiring.

STOKK-kortet dokumenterar at klatraren har demonstrert dette på ein sikker måte. Det vert ikkje stilt krav til at ein skal klatra på led for å få STOKK-kort.

Last ned krava til STOKK-kort her.

NKF har eigne og særs gode og informative websider om sikkerhet. Klikk her for å komma dit.

Også vår naboklubb, Haugaland Klatrelag, har eigne gode og illustrative websider (masse gode bilder!!) om sikkerhet. Klikk her for å komma dit.