U-krimp


STOKK har no sparka i gong ein ny sesong med ungdomsklatring.
Ungdomsklatring


Kvar tysdag er me ein gjeng friske ungdommar og eit par vaksne som øver oss i veggen på Vikahaugane.

Ungdomsklatringa i STOKK er for aldersgruppa 11-16 år.

Opplæring i og fokus på sikkerhet er heilt sentralt, spesielt den fyrste tida som me har jobba i gruppa.

Klatringa skjer i hovudsak i inneveggen. Likevel satsar me på å arrangera uteklatring når det høver seg. Det er kjempemoro!

Ungdomsklatringa er populær, me alt har sagt nei til mange ungdommar som vil prøva seg. Så har du lyst får du vere frampå ved sesongstart når me køyrar i gong med nytt parti.

Krimp tyder forresten eit spesielt fingertak, der fingerledda vert belasta hardt....U- står for...? Det skjøner du nok :).