Hopp til innholdet

Velkommen til Stord Tinde- og Klatreklubb!

Me håpar de ønskjer å ta del i aktivitetane våre. Det viktigaste med klatring er å ha det kjekt og sjølvsagt er tryggleiken alltid i høgsetet.

Store delar av sesongen klatrar me mest i klatreveggen vår. I juni 2023 opna me eit nytt, flott klatresenter på Nysæter, ein kort gåtur frå dei utandørs klatrefelta i Utslettefjellet.

Klatring

Er du nysgjerrig på kva klatring er for noko? Tenker tilbake på barnedagar i høge trær med kitling i magen?

Nokre ser på klatrarar som hardhausar og spaningssøkjarar. Dei finnast vel óg. Men dei fleste av oss er heilt vanlege barn, ungdommar og leikne vaksne. Me var nysgjerrige på sporten og nærma oss med sommarfuglar i magen og yr glede: får eg det til, mon tru?

Mange av oss har framleis barnedagane sin iver med oss når me tek på oss klatreutstyret og klyv opp i høgda. Me leikar oss i inneveggar og bratte fjellsider med vind og sol i håret. Får liksom aldri nok.

Det er ei sjeldan oppleving som vaksen å finne att denne kitlinga i magen etter å prøva seg på å komma seg opp! Ungar med 1000 maur i beina, hengslete ungdommar som anten diggar eller kanskje ikkje i det heile kjenner seg heime i lagidrett, vaksne med kontorrygg, studentar, høge & låge. Alle vert me utfordra av veggen: vinn me over han i dag?

Det er gøy og spanande å klatra. Utviklande, både fysisk og mentalt. For det handlar ikkje om å ha store musklar, sjølv om dei kjem godt med.

Det handlar om kombinasjonen av kreftar, viljestyrke, balanse, ro, tillit til den som sikrar deg og koordinasjon av rørsle. Det handlar om å ikkje gje seg og å kjenne etter korleis øving gjev meistring. Meistring som gjev sjølvtillit og som gjer at ein vågar å prøva seg på noko nytt i veggen som ein ikkje trudde ein ville våga å prøva seg på. Såleis gjev klatringa verdifull meistringskompetanse som du kan nytta i livet elles.

Ønskjer du å bidra?

Stord Tinde- og Klatreklubb er eit idrettslag der frivillighet dannar grunnlaget for aktivitetane. Med ny klatrehall har klubben mange rollar som skal fyllast og mykje aktivitet som skal skapast, mellom anna for at dei økonomiske vilkåra vert oppfulgt.

Som eit idrettslag er eit viktig mål for oss å vere ein aktiv pådrivar for idrett og fysisk aktivitet i samfunnet. Aktivitetstilbodet me skapar skal vera eit viktig bidrag, men samstundes skal aktivitetane og møteplassane me skapar vere eit bidrag til å skape tilhøyrsle og inkludering, samt motarbeide mobbing og diskriminering.

Om klubben

Stord Tinde- og Klatreklubb vart etablert i 1995. Medlemstalet i klubben har sidan då stort sett variert mellom 40 og opp mot 100 aktive medlem, men det har no fleirdobla seg etter at me opna det nye klatresenteret vår.

Den første klatreveggen vår stod ferdig 01.01.1997 og vart bygd med dugnadsinnsats frå klatreklubben, Leirvik Sveis A/S, Aker Stord A/S og Stord Bygg A/S. I desember 2021 vart det vedtatt å bygge nytt klatresenter, som stod klart i juni 2023. Dei nye klatreveggane vert bygd av Tjelmeland Friksjon AS, der me nyttar godt av kompetansen dei har frå mellom anna rutesetting.

Me ønskjer gamle og nye medlemmer velkommen til klatreveggen!

Kontakt oss gjerne på e-post: post@stokk.org