Hopp til innholdet

Ny klatrehall

Sommaren 2023 opnar Stord Tinde- og Klatreklubb ein heilt ny klatrehall på Stord.

Hallen blir av dei mest moderne i landet og vil ha seks gongar meir klatreflate enn i klatreveggen på Vikahaugane.

57%

Høgare hovudvegg
enn på Vikahaugane

6x

Meir klatreflate
enn Vikahaugane

2500+

Vanlege klatregrep

1200+

Klatregrep med
innebygde LED-lys

Sponsorar

Stord Tinde- og Klatreklubb vert drifta på lik linje som andre idrettslag og treng difor sponsorinntekter for å kunne drive barne- og ungdomsarbeid til ein pris som er så låg som mogleg.

For å gje noko tilbake til bedrifter som stiller opp som sponsorar kan me tilby diverse sponsorpakkar, men om bedrifta di ynskjer eit skreddarsydd opplegg så legg me gjerne tilrette for det.

Ta kontakt med oss for å få fleire detaljar og for å finne den pakken som passar di bedrift!

Her er litt av det me gler me oss til!

Tauklatring

Buldring

Kilter board

Ønskjer du å bidra?

Stord Tinde- og Klatreklubb er eit idrettslag der frivillighet dannar grunnlaget for aktivitetane. Med ny klatrehall har klubben mange rollar som skal fyllast og mykje aktivitet som skal skapast, mellom anna for at dei økonomiske vilkåra vert oppfulgt.

Som eit idrettslag er eit viktig mål for oss å vere ein aktiv pådrivar for idrett og fysisk aktivitet i samfunnet. Aktivitetstilbodet me skapar skal vera eit viktig bidrag, men samstundes skal aktivitetane og møteplassane me skapar vere eit bidrag til å skape tilhøyrsle og inkludering, samt motarbeide mobbing og diskriminering.