Hopp til innholdet

Velkommen til Stord Tinde- og Klatreklubb!

Me håpar de ønskjer å ta del i aktivitetane våre. Det viktigaste med klatring er å ha det kjekt og sjølvsagt er tryggleiken alltid i høgsetet.

Store delar av sesongen klatrar me mest i klatreveggen på Vikahaugane, men i løpet av vinteren opnar me eit flott klatresenter på Nysæter, ein kort gåtur frå dei utandørs klatrefelta i Utslettefjellet.

Innmelding – nye medlem

Registrering av påkrevde opplysningar og betaling.

Klatreavgift

Betalar ein klatreavgift slepp ein å betale i klatreveggen kvar gong ein klatrar.

Kursoversikt

Stord Tinde- og Klatreklubb arrangerer fleire kurs i løpet av året, for dei som ønskjer å lære å klatre.

Klatreveggen vår

Fram til me opnar nytt klatresenter held me i klatreveggen vår i Stord Idrettspark Vikahaugane.

Veggen på Vikahaugane er i underkant av 10 meter høg, med ruter av ulik vanskegrad. Nokre ruter har og faste boltar og er dermed ledbare.
Veggen er open for alle som meistrar grunnleggande sikkerhetsrutinar.
Barn skal sikrast av føresette med bratt- eller topptaukort.

I løpet av våren 2023 flyttar me til eit heilt nytt klatresenter på Nysæter Ungdomsskule. Her får me ein hovedvegg med 15 meter høgde, ein enklare 10 metervegg, samt buldrevegg kilterboard mm.

Velkommen!

Stord Tinde- og Klatreklubb
Vikahaugen
5412 Stord

Opningstider
Måndagar 1900-2100
Torsdagar 1900-2100

Klatring innandørs

For å klatre må du betale klatreavgift (krev medlemskap) eller ‘drop-in avgift’ kvar gong du klatrar. Alle som sikrar må i tillegg ha gjennomgått opplæring og bestått ein brattkort- eller topptautest. I klatreveggen sikrar me kvarandre – snakk med klatrevakta om du ønskjer å prøve å klatre før du har deltatt på kurs.

Medlemskap i Stord- Tinde og Klatreklubb kostar i 100,- årleg for vaksne og 50,- for born og ungdom (til og med 19 år).

Denne våren (2023) kostar klatreavgifta 850,- Har ein betalt denne slepp ein å betale kvar gong ein klatrar.

Drop-in klatring kostar 100,- per gong for ikkje medlem og 70,- for medlem.

Leige av utstyr kostar 30,- for medlem og 50,- for ikkje medlem. Betaling for drop-in og leige av utstyr skjer ved hjelp av VIPPS i klatreveggen.

Om klubben

Stord Tinde- og Klatreklubb vart etablert i 1995. Medlemstalet i klubben har stort sett variert mellom 40 og opp mot 100 aktive medlem.
Klatreveggen i Vikahaugane Stord Sportsenter vart bygd med dugnadsinnsats frå klatreklubben, Leirvik Sveis A/S, Aker Stord A/S og Stord Bygg A/S. Veggen sto ferdig 01.01.1997.

I løpet av våren 2023 flyttar me aktiviteten vår til eit flott, nytt klatresenter tilknytta Nysæter Ungdomsskule, kultur- og idrettspark.

Me ønskjer gamle og nye medlemmer velkommen til klatreveggen!

Kontakt oss gjerne på e-post: post@stokk.org