Hopp til innholdet

Velkommen til eit topp moderne klatresenter!

I juni 2023 opna me eit heilt nytt klatresenter. Senteret har ein 15 m høg hovedvegg, ein toppmoderne LED-vegg, ein 10 meter nybyrjarvegg, buldreveggar og kilter-board.

Praktisk om klatresenteret

Det er ikkje noko vits i å underkommunisera at klatring er potensielt farleg, og at fokus på tryggleik difor er viktig.

Før ein klatrar er det difor at ein les og følgjer reglane som oppslått i klatrehallen. I tillegg må ein fylle ut eit eigenerklæringsskjema før ein klatrar første gong.

I hallen vår er det krav at ein har, eller vert kontrollert av nokon med minimum topptaukort for å klatre på sjølvsikring/autobelay. For å sikre andre i tauveggane må ein ha anten Brattkort eller Topptaukort. Dette gjeld og om ein skal sikre eigne born.

Buldring er den enklaste måten å komme i gong med klatring. Buldring er klatring i låg høgde, utan tau eller anna utstyr enn klatresko og kanskje ein kalkpose. Det er ikkje nødvendig med sikringskompetanse for å buldre (men det er viktig at ein følgjer reglane som er oppslått) og me prøver til ei kvar tid å ha utfordringar for alle nivå og aldrar.

Om ein ikkje er medlem i klatreklubben må ein betale drop-avgift kvar gong ein klatrar. I tillegg må ein komme i opningstida til klatrehallen, eller i følgje med nokon med tilgong til hallen utanom opningstid (ein betalar då ved hjelp av Vipps).

Om ein ønskjer å ha tilgong til klatrehallen utanom opningstid, eller om ein vil betale ein gong og klatre så mykje ein vil i ein gitt periode, kan ein (i tillegg til å vera medlem) klatreavgift, eller hallmedlemskap gjennom Boost. Er ein 18 eller eldre kan ein då låse seg inn og klatre så mykje ein vil, mellom 0700 og 2200 kvar dag.

For å sikre andre i tauveggane må ein ha anten Brattkort eller Topptaukort. Dette gjeld og om ein skal sikre eigne born.


Opningstider

For medlem (over 18) som har betalt klatreavgift er hallen open kvar dag mellom 0700 og 2200.

For alle andre er hallen open:
Mandag: 1900 – 2100
Torsdag: 1900 – 2100
Laurdag: 1100 – 1600
Søndag: 1100 – 1600

Opningstider jula 2024

21., 22. og 23 desember: 1100-1600
26. desember: 1800-2100
27. og 28. desember: 1100-1600
30. desember og 2. januar: 1900-2100

«Julemedlemskap»

No er det oppretta julemedlemskap hos oss! Passer perfekt for deg som planlegger å klatre mykje i jula. Følg linken og bla heilt ned, det koster 325 kr og varer i 2 veker der du kan klatre så mykje du vil! Du må være betalt medlem i klubben for å få dette tilbudet, det koster kun 100 kr i året!

https://portal.boostsystem.no/stord/member

Adresse

Stord Tinde- og Klatreklubb
Nysæter Ungdomsskule, kultur- og idrettspark
Utslettevegen 60
5410 Sagvåg

Inngang på baksida.