Velkommen til eit topp moderne klatresenter!
I juni 2023 opna me eit heilt nytt klatresenter. Senteret har ein 15 m høg hovedvegg, ein toppmoderne LED-vegg, ein 10 meter nybyrjarvegg, buldreveggar og kilter-board.
Praktisk om klatresenteret
Det er ikkje noko vits i å underkommunisera at klatring er potensielt farleg, og at fokus på tryggleik difor er viktig.
Før ein klatrar er det difor at ein les og følgjer reglane som oppslått i klatrehallen. I tillegg må ein fylle ut eit eigenerklæringsskjema før ein klatrar første gong.
I hallen vår er det krav at ein har, eller vert kontrollert av nokon med minimum topptaukort for å klatre på sjølvsikring/autobelay. For å sikre andre i tauveggane må ein ha anten Brattkort eller Topptaukort. Dette gjeld og om ein skal sikre eigne born.
Buldring er den enklaste måten å komme i gong med klatring. Buldring er klatring i låg høgde, utan tau eller anna utstyr enn klatresko og kanskje ein kalkpose. Det er ikkje nødvendig med sikringskompetanse for å buldre (men det er viktig at ein følgjer reglane som er oppslått) og me prøver til ei kvar tid å ha utfordringar for alle nivå og aldrar.
Om ein ikkje er medlem i klatreklubben må ein betale drop-avgift kvar gong ein klatrar. I tillegg må ein komme i opningstida til klatrehallen, eller i følgje med nokon med tilgong til hallen utanom opningstid (ein betalar då ved hjelp av Vipps).
Om ein ønskjer å ha tilgong til klatrehallen utanom opningstid, eller om ein vil betale ein gong og klatre så mykje ein vil i ein gitt periode, kan ein (i tillegg til å vera medlem) klatreavgift, eller hallmedlemskap gjennom Boost. Er ein 18 eller eldre kan ein då låse seg inn og klatre så mykje ein vil, mellom 0700 og 2200 kvar dag.
Innmelding
Eg ønskjer å bli medlem i klatreklubben
- Medlemskap i klatreklubben kostar 100,- i året for vaksne og 50,- for born.
- Medlemskap gjer stemmerett på årsmøte
- Medlem i klatreklubben har høve til å betale klatreavgift slik at ein kan klatre utanom vanleg opningstid, samt klatre til redusert pris ved drop-in.
Klatreavgift
Klatring utan å måtte betale for kvar gong
- Har ein betalt klatreavgift kanein klatre så ofte ein ønskjer innanfor perioden ein har betalt for.
- Er ein 18 år eller eldre kan ein laste ned Boost-appen og låse seg inn i klatrehallen utanom opningstid og klatre.
- (Det står ‘Kjøp medlemskap’ inne på betalingssida – dette er forvirrande, sidan det er klatreavgift ein kjøper)
Kurs
Stord Tinde- og Klatreklubb tilbyr topptau- og brattkortkurs
- Gjer kompetanse som gjer at ein kan ta brattkort- eller topptauprøve.
- Stord Tinde- og Klatreklubb arrangerer fleire kurs i løpet av året
Opningstider
For medlem (over 18) som har betalt klatreavgift er hallen open kvar dag mellom 0700 og 2200.
For alle andre er hallen open:
Mandag: 1900 – 2100
Torsdag: 1900 – 2100
Laurdag: 1100 – 1600
Søndag: 1100 – 1600
Adresse
Stord Tinde- og Klatreklubb
Nysæter Ungdomsskule, kultur- og idrettspark
Utslettevegen 60
5410 Sagvåg
Inngang på baksida.