Hopp til innholdet

Uteklatring

På Stord er det bortimot 80 etablerte ruter som kan klatrast på topptau eller led. Flesteparten av rutene har ein grad mellom 5 og 7-. Ytterpunkta er 3 og 7+ 8-

For dei som er kjende i verda: felta her vart ein gong i tida samanlikna med Buoux. Klatringa er ofte monoton og relativt fingertung. Vanleg å strekke seg langt etter små hull. Til gjengjeld er fotarbeidet ukomplisert pga. super friksjon. Klatringa er ofte vedvarande og dei hardaste rutene er vanskelege å få kvile i.

Klatrefelta ligg usjenert til og har sjeldan lengre anmarsj enn 5 minutt.

Klatrerutene er i stor grad oppdaga og tilrettelagt av personar utanfor klubben og informasjon om bolting mm. kan difor vere utdatert. Opplysingane om dei ulike klatrerutene er difor berre til informasjon og kvar enkelt klatrar må sjølv vurdere om og korleis ein kan klatre trygt.

Merk at all klatring skjer på eige ansvar.

Kvar og korleis er klatrefelta?

NB! Det er utarbeida ein klatreførar for Stord (du finn han her). Der finn du meir inngåande informasjon om rutene.